Konsert
Tenk berre (ei reise gjennom skogen) - kl. 13
Dato
søndag 13. desember
Tidspunkt
13:00 - 14:30
Er du klar for ein liten pustepause frå julestresset? Roald Kaldestad og Roy Ole Førland tek oss med inn i ei verd med poesi og musikk. Førestilling både kl. 13 og kl. 14.
Du får høyre dikt av Oskar Stein Bjørlykke, Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Federico García Lorca/Tove Bakke, Thierry Cazals/Tove Bakke og Per Olav Kaldestad kledde i lydar, bilde og musikk.
Velkomen til ei opplevingsstund, ei levande lydbok!
Roald Kaldestad: song, opplesing, gitar
Roy Ole Førland: keyboard, effektar